HovedsideFractalsBirthprimesOrdBabygenTekstifisereProgrammerTelefonordData Matrix
SudokuSudokutoWordokuCodokuSudoku3DSudokuGTKakuroFillominoHitoriArukone
HashiShuffleBogglemPuzzleCalcuDokuSangerSannsynlighetLærer

Info

Alt blir nytt!

Tekst

Frå himlen kjem ei stråle
Eit lite glimt hit ned
Ho skin igjennom skodda
og gjev meg eit bod om fred.
Om skyene er tunge,
og stien vond å sjå,
vil lyset i frå himlen
vise meg kor eg kan gå.

Når lyset først får sleppa inn
vert dagen lun og lett.
Ein varm og vårleg vind
som bles får skodda på retrett,
alt blir nytt!

Frå ordet kjem ein bodskap
om kjærleik og om fred.
Om Gud, som sende sonen sin
frå himlen og hit ned.
Om dagane er mørke
og natta altfor lang.
Kan bodskapen om Jesus
skape ord til ein ny sang

Når Jesus først får sleppa inn
så held han handa mi
Han held ho fast
og slepp ho aldri, aldri ut av si
Alt blir nytt!

Herren skapar noko nytt!
Lar meg gå med faste steg.
Herre løfter meg fra djupet,
set min fot på fjell,
og fører meg til seg.

Frå himlen kjem ei stråle
med guddomsglans til meg
Ho fyller meg med glede
og mi sjel må prisa deg
Min far, som er i himlen
Du ser meg her eg er.
Ditt lys er alt eg treng
i ordet ditt er du meg nær!

Takk, gode far, for lyset
som du sender oss kvar dag
Lat folket ditt sjå vegen
lat oss vandre han i lag.
Alt blir nytt!