HovedsideFractalsBirthprimesOrdBabygenTekstifisereProgrammerTelefonordData Matrix
SudokuSudokutoWordokuCodokuSudoku3DSudokuGTKakuroFillominoHitoriArukone
HashiShuffleBogglemPuzzleCalcuDokuSangerSannsynlighetLærer

Info

Herre Krist, eg flyr til deg

En allsang Ragnhild skrev til en damehelg på Brandøy

Tekst

Herre Krist, eg flyr til deg
kun hos deg er rom for meg
alt som fyller hjarta mitt 
famnar du i fanget ditt
I din kjærleik, i din nåde
tek du mot meg kvar ein dag
Herre i din faderfamn
får eg kvila i ditt namn

Herre Krist, me kjem i lag
du har nåde nok kvar dag
me er greiner på ditt tre
fyll oss alle med din fred
Gje oss frimod, gje oss tryggleik
slik at me kan tene deg
Jesus hald oss saman her
Du som er oss alle nær

Herre Krist, du samlar oss
vend vårt blikk opp til din kross
vern ditt folk og gje oss mot
lat ditt ord få setja rot
hjelp oss gje kvarandre styrke
så me tener deg i lag
vis oss kven som treng ditt ord
når me samlast rundt ditt bord

Herre Krist, me ut vil gå
saman vil me fleire nå
alle evner som me har
har me fått frå deg vår far
Fyll vårt hjarta, med din kjærleik
La oss tene slik du vil
Hald oss saman tett til deg
før oss fram på himmelveg