HovedsideFractalsBirthprimesOrdBabygenTekstifisereProgrammerTelefonordData MatrixMap
SudokuSudokutoWordokuCodokuSudoku3DSudokuGTKakuroFillominoHitoriArukone
HashiShuffleBogglemPuzzleCalcuDokuSangerSannsynlighet

Info

Liv av daude bein

Sangen er inspirert av Esekiel 36 og 37

Tekst

Du som skapar liv av daude bein.
Du kan endre hjarta mitt av stein.
Livspust andar du på meg.
Liv og glede får eg i frå deg.

Uro fyller ofte dagen min.
Angst og mørke skjuler nåden din.
Pust di Ånd på nytt på meg.
Reis meg opp med styrke i frå deg.

Ref:
Ver meg nådig, du min Herre!
Fyll meg meire med din fred!
Skap i meg eit heilt nytt hjarta,
gjev meg kjærleik, håp og gled meg!

Du har sagt; Ver trygg du er mitt barn!
Sjølv når fienden legg ut sitt garn.
Du, som skapte alt på jord.
Tenk, du elskar meir enn kvar ei mor!

Ref

Herre, la meg søkje meir av deg!
La meg vandre, trygg, på himmelveg!
Fyll meg med din fred så stor.
Du, som er min frelsar, far og bror.

Ref